Det vart ikkje lange ferien på Hødd-stjerna Pål André Helland etter cupgullet 25. november. Alt helga som var reiste han til Larvik og spelte to eliteseriekampar i futsal. Helland representerte då Tiller, som vann den første kampen 7-0 mot Solør. Andre kampen enda 3-3 mot Nesjar.

- Vi mangla ein del sentrale spelarar grunna skadar, sjukdom og eksamen, så dette var sterke resultat, seier Helland til Vikebladet Vestposten.

- Tungt

På Sunnmøre er futsal ein relativt fersk sport. Det er først og fremst i dei største byane futsalmiljøa er store. Skilnaden frå tradisjonell innefotball er at måla er mindre, ballen mindre og reglane litt annleis. Mellom anna er dommarane strengare på kroppskontakt, og frå frispark nummer seks og vidare får du i staden straffespark.

- Futsal er fantastisk god trening. Det er veldig tungt, og det blir mange situasjonar mykje éin mot éin. Det gjer at eg får øvd meg både offensivt og defensivt, fortel Pål André Helland.

Som har spelt mykje futsal tidlegare, ikkje minst mellom sesongavslutningane og oppkøyringsstartane til laga han har representert.

Landskampar

Denne veka skal også Helland representere Norge i ei trelagsturnering. Danmark og England er motstandarar i Bodø onsdag og fredag. Landslagssjef Esten O. Sæther har tatt ut sine beste spelarar, noko som også inkluderer Stian Sortevik frå Stabæk og Kristoffer Larsen frå Brann. Men landslagsspelarane i futsal spelar ikkje nødvendigvis høgt oppe i seriesystemet i vanleg fotball. Tiller, som Helland representerer i eliteserien, har med spelarar frå fleire ulike Trønder-klubbar, pluss mellom anna Hødd og Ull/Kisa (Asgeir Snekvik).

Kan bli ein leik

Pål André Helland reknar med å spele futsal heilt til Hødd startar opp igjen treningane 14. januar, men er ikkje redd for at det skal bli for lite avkopling denne perioden.

- Det er slik eg liker feriane. Eg er ein del i Hemne og har ferie her. Så blir det futsalkampar i helgane, og nokre futsaltreningar i vekene. Eg er om lag 50/50 i Hemne og Trondheim, fortel høgrevingen.

Som ved å spele futsal stiller i god form når treningane startar opp igjen over nyttår. Helland håper også dei andre spelarane nyttar friperioden godt.

- Oppkøyringa blir så mykje lettare om ein har trena godt etter sesongen. Då blir ho nesten som ein leik, meiner 22-åringen.

- Forstår leiinga

Om kor vidt Hødd bør stille i Copa del Sol forstår han argumenta for både ja og nei.

- Dei fleste spelarane vil naturleg nok spele kampar mot best mogleg motstand. Men om leiinga seier nei fordi turneringa kjem tidleg, og at det kanskje passar betre med to veker i Tyrkia seinare, så har eg forståing for det, seier Pål André Helland.

Har ikkje feira

Han fekk ikkje med seg gullfesten til Hødd sist søndag. Han var rett og slett for sliten. Og fekk ikkje i seg mat før måndag. To dagar seinare reiste han heim.

- Eg har enno ikkje feira gullet, men reknar med å gjere det på julebord saman med nokre kompisar seinare, forklarer Helland.