Kvar laurdag sender NRK talkshowet "Lindmo", eit program der Anne Sandvik Lindom inviterer inn aktuelle gjester. Denne veka er Hødd tema på showet, og supporter Kåre Henning Gardshol er ein av dei inviterte gjerstene.

- Atle Antonsen og Ole Martin Årst deltek også, i tillegg til ein Tromsø-supporter, seier Gardshol til Vikebladet Vestposten.

Årsts siste kamp

Antonsen er ein kjent mann frå TV og radio gjennom mange år, og blir av mange rekna som landets artigaste mann. Denne hausten er han aktuell på teaterscenen med Monty Python-showet "Spamalot". Årst er tidenes mestscorande spelar i norsk eliteserie gjennom historia, og spelar sin aller siste fotballkamp for Tromsø mot Hødd i cupfinalen søndag.

Underdog eit tema

Opptaka til "Lindmo" blir gjort fredag ettermiddag, og det ferdigklipte programmet blir vist på NRK laurdag kveld.

- Eg veit ikkje enno kva vi skal prate om, men eg reknar med cupfinalen blir eit tema. Eg skal nok prate om korleis det er å vere underdog. Det er vel derfor Atle Antonsen kjem, sidan han no er med i Spamalot. Eg har ikkje fått spørsmåla eg skal svare på enno, men gøy skal det bli, melder Kåre Henning Gardshol.

Blått i raudt

Vi møter han på Youngstorget i Oslo torsdag føremiddag, der Hødd-byen er i ferd med å finne forma.

- Litt uverkeleg å stå her, Kåre Henning?

- Det kan du gjerne seie. Eg har opplevd oppturar og nedturar i mange år. Som Hødd og Tottenham Hotspur-support skal i alle fall ingen skulde meg for å vere medgangssupporter. Men dette er stort for alle. Det er akkurat i ferd med å gå opp før meg kva som skal skje her denne helga, og det er heilt vilt. Akkurat no ser vi mykje kvitt på Youngstorget, men snart blir det blått. Og det midt i tjukkaste og raudaste Oslo. Kongen har jo også blått blod, så eg reknar med han støttar Hødd i år, flirer Gardshol.

Les også:

* Stille før innrykk

* Mat til Oslo

* Tidenes VV-satsing