Arne Scheie seier til Dagbladet at han er klar til å kommentere cupfinalen mellom Hødd og Tromsø søndag.

Dermed kan dei som såg fram til å sjå kampen på TV med kommentarar frå NRK-veteranen puste letta ut.

Det har nemleg vore usikkert om Scheie ville kommentere årets finale. Sist torsdag skadde han seg stygt på sykkel, og pådrog seg hjerneristing, brot i skuldra og eit blått auge.

Men no har han altså forsikra om at han sit klar på Ullevål Stadion søndag klokka 13.15.

- Med stadig fleire fotballkampar er det viktig med hendingar som skil seg ut. Cupfinalen er ein stradisjon som går tilbake til 1902, seier Scheie til Dagbladet.