Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Då dei trettito løparane stilte til start skein sola og det var nesten vårstemning i Snipsøyrdalen. Men kalenderen syner 23. oktober, og det er på langt nær vår. Regnet kom, og det vart ei kald og våt oppleving å springe Snipsøyrvatnet rundt i dag.

Fredrik Sjølie kom først i mål med tida 46,25 minutt. Norunn Dimmen var første kvinna i mål. Ho vedgjekk at det var tungt å springe i dag.