Molde vann til slutt 3-0 etter å ha leia 1-0 ved pause. Tempomessig var det klar skilnad på laga, og Molde vann fullt fortent. 1-0 kom etter 15 minutt då Andreas Moström stupheada eit innlegg i mål. Vakkert. 2-0 kom etter 51 minutt då Marel Baldvinson utnytta ein forsvarsfeil hos Hødd og sette ballen i mål. Etter 65 minutt var det så klart for 3-0. Rune Ertsaas var kjapt framme og sette ballen i mål frå skrått hald. Etter vikebladet.no si meining vart Hødd snytt for ei straffe etter 17 minutt Fredrik Klock vart riven ned i feltet. Klock - som var kaptein - var også Hødds bestemann. Erik Sandal var god i periodar, men litt på og av. Som kjent er Andre Nevstad ute etter operasjon.