Det er ikkje teke endeleg avgjerd om Kyle Veris blir Hødd-spelar. Veris gjorde eit solid inntrykk under opphaldet i Hødd og er framleis aktuell, men den siste veka har det kome opp ei moglegheit som klubben ønskjer å sjekke nærare. Gjennom Morten Jørgensen sine kontaktar har klubben fått høve til å sjå nærare på midtstopparen Fernando Caballero som speler for klubben Huracan Buceo i Uruguay. Caballero har spela for Huracan Buceo på nivå 2 i Uruguay dei siste åra. I 2006 spela han for Rentistas i førstedivisjon. Året etter i toppklubben River Plate. Han er no tilbake i Huracan Buceo. Caballero er fødd 9. mars 1981 og er 191 cm lang. Rapportane fortel at han er ein spelande midtstoppar med bra fart som les spelet godt. Han har bra fysikk og har vore kaptein på Huracan Buceo. Caballero kjem oppover på onsdag og skal trene med laget torsdag og fredag før han spelar kampen mot KBK på laurdag.