Etter ei svak opning vart det til slutt ein komfortabel 5–2 siger over Herd på Høddvoll tysdag denne veka.

Laurdag er det eit anna 3.-divisjonslag som tek turen til Ulsteinvik. Førde er motstandar i Hødd sin siste treningskamp før sesongen tek til borte mot Stjørdals-Blink om ei veke.

Hødd har variert i treningskampane denne vinteren. Det har blitt tap mot både AaFK, Florø og Molde, medan laget har spelt uavgjort mot Sogndal, Spjelkavik og Bergsøy. Samstundes har laget slått Herd to gongar og slått divisjonskollega Brattvåg.

Tysdag gjekk Bendik Rise av banen med ein liten skade allereie i den første omgangen, men han er truleg klar til kampen mot Førde. Mot Herd stod også Joakim Wrele, Robin Hjelmeseth, Eirik Franke Saunes og Magnus Myklebust over. For både Hjelmeseth og Franke Saunes kjem nok Førde-kampen for tidleg.

I helga spelar også Hødd 2 sin siste kamp før sesongstarten. Den går borte mot Eid søndag.