Då Kenneth Moldskred passerte 300 a-kampar for Hareid ifjor vart han den 11. spelaren som har fått med seg meir enn 300 Hareid-kampar. Den avtroppande Hareid-trenaren enda (førebels?) på 305 kampar. Rankingtabellen for Hareid a-lag ser dermed slik ut: 1) Lars Atle Flø 471 2) Lars Pedersen 439 3) Einar Elvanes 429 4) Dag Audun Eliassen 369 5) Erling O. "Drillo" Hareide 364 6) Harald H. Rise 342 7) Arve Holstad 340 8) Knut Strande 329 9) Leiv Arne Grimstad 321 10) Tom G. Fredriksson 308 11) Kenneth Moldskred 305 * 12 spelarar har mellom 200 og 300 kampar. Av dei som hadde kampar i fjor har Vagn Scheide Mork flest kampar. Han har 191, og bør ver klar for 200-kamp-statuett i komande sesong. Andre fjorårsaktive spelarar med meir enn 100 kampar: Marius Rise 170 - Eiliv Tore Howlid 148 - Andre Nupen 143 - Even Hansrud og Remi Helleseth 134 - Svein Inge Nesset 124 - Kim-Tore Husøy 116. Kan også nemnast at 47-åringen Stig Engen, som vart kåra til beste spelar under Grendacupen i romjula, står bokført med 249 kampar - og burde kunne auke ...