55 gymnastar konkurrerte i junior- og senior-klasse, individuelt og tropp.

Hødd stilte med juniortropp. Dessutan deltok to av Hødd-seniorane i kretstroppa i seniorklassa. I tillegg deltok 4 juniorar og 2 seniorar frå Hødd i individuelt.

Juniortroppa til Hødd tok 1.-plassen framfor Malvik og Ålesund. Det var den første troppskonkurransen dei deltok i, og dei vann suverent med ca. 3,5 poeng. Deltakarane i troppa var: Leni Leirvik, Benedikte Håndlykken, Henriette Urke, Julie Hauge og Siri Ertesvåg. Reiskapen for troppa var 5 par køller.