Kolstad ligg på nest sisteplass med 17 poeng. Situasjonen er tilnærma håplaus for trønderlaget, som må ta full pott dei siste rundene skal dei i det heile tatt ha eit håp om å klatre oppover på tabellen.

– Vi forventar at det kjem til å bli ein intens og tøff kamp og at Kolstad kjem til å selje seg dyrt, seier assistenttrenar Sindre Eid.

Han leia siste treninga før avreise på torsdag. Laurdagens kamp mot Kolstad kjem til å verte eit bikkjeslagsmål frå starten av. – Vi må berre vere klare til å ta den krigen og fighten i byrjinga, seier Eid som påpeiker at Hødd har alle kvalitetane som skal til få å slå botnlaget Kolstad.

– Alt ligg i våre hender

Hødd held kursen mot opprykk etter sigeren over Byåsen sist helg. Av dei to opprykkskandidatane KBK og Hødd er det Kristiansund som har den største utfordringa denne serierunden. På bortebane møter dei RBK2. Som med toarlag flest er det vanskeleg å vite kva lag dei stiller, men på heimebane er det grunn til å tru at dei mønstrar eit sterkt mannskap.

Sindre Eid ser på akkurat den bortekampen som svært vanskeleg.

– Rosenborg2 borte er sannsynlegvis den tøffaste bortekampen i divisjonen, seier han.

I Hødd-leiren er det stor optimisme og positivitet:

– Det er fire kampar igjen og alt ligg i våre hender. Vi får håpe at det går heile vegen og at vi står på toppen av tabellen til slutt, slår Eid fast.

Hødd har nesten alle spelarane tilgjengelege mot Kolstad. Berre Magnus Ludviksson er indisponibel grunna karantene. Kampen går klokka 13:00 i dag.