– Det var vel liten tvil om at Kim Tore Husøy var langt meir fortrudd som toppskorar enn vår oddssetjar oppfatta før sesongen, seier Vidar Gustad i Nordic Gaming.

Før sesongen starta var oddsen på Kim-Tore Husøy som toppskorar heile 45. D.v.s. at den som sette 100 kroner på Husøy hadde i utsikt ein gevinst på 4.500 kroner. Til samanlikning var oddsen på lagkamerat Ronny Jørgensen berre 7. Herd sin Lasse Olsen hadde den lågaste oddsen, med 4 gonger innsatsen tilbake dersom han vart toppscorar. Etter kvart som det blei klart at NordicBet hadde undervurdert Kimmen, vart oddsen sett kraftig ned og Husøy vart til slutt gjort til favoritt. Likevel var det mange som gjorde seg gode veddemål på Hareid-spissen.

– Det er vel ikkje heilt utenkjeleg at vår mann på oppgåva har sveitta litt ekstra undervegs, spøkjer Gustad.

Femsifra utbetalingar

Nordicbet kan ikkje gå ut med eksakte tal, men på Norborg sine heimesider melder dei at det var ein del femsifra utbetalingar frå Ulsteinvik for Nordicbet. D.v.s. at det var fleire personar som fekk ein gevinst på over 10.000 kroner då Husøy skora sine mål nr. 19 og 20 på Hareidsmyrane stadion sist fredag. Næraste rival var Volda-angripar Trond Brynestad med 18 scoringar.

Innsatstak

Det skal visst nok ha vore eit tak på 100 kroner på kva som var lov å satse i toppskorarveddemålet, men etter det Vikebladet Vestposten kjenner til skal enkelte ha søkt om å få legge inn ein høgare innsats. Stor interesse for avdelinga NordicBet opplever stor pågang til pengespel på lokalfotballen.

– Interessa for avdelinga er veldig stor, så vi synest det er kjekt at kundane vinn litt sjølv om det kanskje blei i overkant denne gongen, seier Vidar Gustad i speleselskapet. Nestleiar i Hareid Fotball, Einar Orten Trovåg, kan stadfeste at mange tente gode pengar på Kim-Tore Husøy, men han har ikkje noko eksakt tal på kor mykje.

– Eg har høyrt og snakka med mange som har vunne, så eg vert ikkje overraska om Nordicbet har tapt ein del, seier Trovåg. Orten Trovåg satsa sjølv 50 kroner på Husøy då oddsen var gått ned til 40, d.v.s. at han kunne håve inn 2.000 kroner. Men han angrar i ettertid på at han ikkje satsa meir. Nordicbet melder at årets sesong i 3.-divisjon har ført til mange store utbetalingar.

Generelt er interessa for pengespel stor på Sunnmøre. 4.-divisjon avdeling Sunnmøre, der Hareid skal spele neste år, var den avdelinga som samla aller størst interesse hjå Nordicbet av alle avdelingane i 4.-divisjon.