Torsdag kveld er det endeleg klart for serieopning for Hareid sine fotballherrar. Turen går til Valderøya for bortekamp mot Valder.

Sist veke gjekk Hareid på sitt første bananskal i oppkøyringa då 5.-divisjonslaget Skodje vann siste treningskampen 3-2. Elles har Stig Monsen sitt mannskap gått utan oppkøyringa utan tap. No blir spørsmålet om mannskapet kan finne tilbake til forma frå tidlegare kampar når det står om poeng på Valdervoll.

Fotball.no er Hareid sett opp med dette laget:

Vagn Scheide Mork, Ulrik Wingsternes, Eiliv Tore Howlid, Joar Møller, Nauris Driksna, Alexander Nevstad, Runar Stranden, Simon Holstad Grimstad, Jon Andre Thue, Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen.

Benk: Fredrik Lonbakken, Thor-Ove Brekke, Hiwa Alipoor, Fredrik Andresen, Håvard Knutsen Bjåstad, Gustav Bjørlykke Kløvning.

På Hareid IL sine nettsider blir det informert om at laget har fleire spelarar som er skadde eller usikre til kampen og verken Robin Jackson Indreflø, Lars Roar Holstad, Ole Magnus Melchior eller Martin Nikolai Longva er med i dagens tropp.