Komande laurdag inviterer Hjørungavåg IL til terrengløp ved Hjørungavåg skule. Jomsløpet går i området rundt skulen, og har start og målgang på grusbana.

Det er både rekruttklasse for ungar som er i førskulealder, samt eigne løp for kvart trinn i barneskulen.

Dei tre eldste klassene spring 800 meter, medan dei yngste spring om lag 400 meter. Også i junior- og seniorklassene er det om lag 800 meter som er løpslengde.

Etter terrengløpet blir det også konkurrert i konebering, med fri teknikk.

– Vi har lagt inn konebering, eller parnerbering som siste øving, slik at også foreldra skal kunne halde varmen denne dagen, fortel Trine Pilskog i Hjørungavåg IL. Vinnarane av koneberinga kan glede seg over pizza frå nye Napoli på Hareid.

I år er idrettslaget 70 år, og årets Jomsløp blir eitt av arrangementa som blir gjennomført inn mot ein jubileumsfest til hausten, men i første omgang håpar Hjørungavåg IL at mange finn vegen til løpsområdet.

– Vi håper folk er sporty og stiller opp i Hjørungavåg denne dagen. Det blir kafé i gymsalen og vi vonar at fleire enn dei som skal springe vil møte opp for ein god prat og underhaldning, slår Hjørungavåg IL fast i invitasjonen til årets Jomsløp.