På overtid i 2. omgang fekk plutseleg tidlegare Hødd-spelar Kjell Rune Sellin ballen i beina på to meters hald. Trønderen sette ballen i mål, men scoringa var ikkje godkjent av dommar Kim Rune Borgersen, som markerte for offside.

Hødd-trenar Sindre Eid erkjenner at har vart litt sveitt då han såg ballen gjekk i mål.

- Eg såg bort på assistentdommaren med ein gong, og såg at han vinka med flagget. Då senka pulsen min seg raskt ned igjen, vedgår Eid.

Blanda kjensler

Hødd tok leiinga etter ein god enkeltprestasjon av innbytar Joachim Magnussen. At det berre vart med det eine poenget, er Eid både nøgd og ikkje fullt så nøgd med.

- Eg synest at prestasjonen vår mot Sandefjord var god. Vi er tidvis betre enn dei og det er bra på bortebane. Men så er det litt blanda kjensler over at det berre vart eitt poeng, seier Hødd-trenaren, og legg til:

- I utgangspunktet er eitt poeng borte mot Sandefjord bra, men når vi tidvis var betre enn dei så er det som sagt litt blanda kjensler over at det vart med det eine poenget.

- Godt å score

Målscorar Magnussen hadde før kveldens kamp ikkje teikna seg på scoringslista sidan 3-0-sigeren over Alta på heimebane, for snart to månadar sidan.

Det var derfor godt for 26-åringen å sjå eitt av skota hans gå i mål, berre sju minutt etter han kom inn frå benken.

- Det var herleg. Å score mål er alltid kjekt, kanskje spesielt mot eit så bra heimelag som Sandefjord. Så det var veldig godt å sjå ballen gå i mål, seier ein glad Hødd-spiss.

Håpte på tre poeng

Sjølv om Magnussen i utgangspunktet synest det er greitt å ta eitt poeng borte mot Sandefjord, skulle han helst sett at Hødd fekk med seg alle poenga tilbake til Ulsteinvik.

- At det vart 1-1 er eigentleg eit heilt greitt resultat, men det er litt surt at leiarmålet ikkje heldt kampen ut. Så det er ein liten bismak, fortel Magnussen.

Som totalt sett er nøgd med prestasjonane til Hødd.

- Sandefjord er eit bra heimelag, så eg synest vi gjer ein bra bortekamp, meiner Hødds målscorar.

Enklare borte

Hødd har ikkje greidd å sanke så veldig mange poeng på eige gras denne sesongen, men på bortebane er det ei anna historie.

Det meiner Magnussen ikkje er heilt tilfeldig, og at det er litt enklare å spele borte frå Høddvoll.

- Det er det. Dei fleste laga vil angripe og dominere kampane på heimebane, og då får vi meir rom til å bruke. Då blir det også enklare for oss, forklarar Magnussen.