Hødd sitt juniorlag i 1.-divisjon vann 4-3 heime mot Bergsøy onsdag.

Eit sjølvsmål sende Hødd opp i leiinga etter tre minutt. Fire minutt seinare dobla Amund Rasmussen leiinga. Etter kvarteret reduserte Martin Søvik Røren for Bergsøy. Men Eirik Sundgot Kristiansen sette inn 3-1 i det 32. minutt. Like etter reduserte Røren igjen. Fire minutt før pause utlikna Eirik Ulfstein til 3-3.

Men i 2. omgang scora Amund Rasmussen det einaste målet etter 59 minutt. Dermed vann Hødd 4-3.

Tabellen.