Hødd 2 har opna sesongen med svært varierande resultat. Etter 6-1 tap borte mot Sogndal 2, snudde laget til 7-1 siger heime mot KFK. Deretter vart det eit nytt stortap borte mot Spjelkavik, før AaFK 2 vart slått 4-1 på nye Høddvoll.

Sist måndag vann Hødd 2 sin første bortekamp, då botnlaget Surnadal vart slått 2-1. Då scora Bendik Rise og Sondre Beite dei to scoringane for Hødd 2.

Dermed har Hødd plukka med seg ni poeng etter dei første fem kampane, og ligg berre tre poeng bak topplaga Træff og Herd, som begge har plukka med seg 12.

Også Stryn har variert kraftig i serieopninga. Laget starta sesongen med å tape heile 7-0 borte mot AaFK 2, før det blei 5-0 siger heime mot Surnadal i neste kamp. Endå sterkare var kanskje 3-2 sigeren borte mot Bergsøy, men i dei to siste kampane har det blitt tap mot Fjøra og Rollon.

På Hødd 2 blir det spanande å sjå kva spelarar frå A-troppen som er med p kampen. Det kan seie noko om kven som er aktuelle, eller uaktuelle, til 1.-divisjonsoppgjeret mot KBK måndag 16. mai.