- Eg synes vi spelar ein bra kamp. Vi kjem godt i gong. Eg synes vi tok vare på sjansane våre og vi turte å satse framover og får etter kvart i fyrste omgang 1-0 scoringa. Vi får kampen i vårt spor med fyrste scoringa og Ørsta må stå høgare og då kjem også 0-2 uti andre omgang, sa kaptein Ruben-Kenneth Brandal etter kampen.
Og Hareids kaptein hadde heilt rett. Hareid kom godt i gong i kampen og verka å frustrere Ørsta i byrjinga. Ingen av laga hadde nokre særlege sjansar dei fyrste 20 minutta, men mellom det 20 og 30 minuttet var Hareid skikkeleg gode. Dei sette i gong eit knallhardt press med høgt tempo og aggressivitet. Dette førte til at Hareid kom til fleire store sjansar. Fyrst ved Jon Andre Thue som forsøkte seg på eit spektakulært volleyskot. Så ved Runar Stranden som etter 26 minutt heada ballen nokre få centimeter på utsida av stolpen. Men berre eitt minutt seinare var Stranden frampå att. Ei fantastisk pasning frå midtbana gjennom forsvaret til Ørsta førte til at Runar Stranden kom åleine med keeper. Ørsta keeperen rusha ut mot Stranden som iskaldt spelte seg forbi og sette ballen enkelt i mål. Fin scoring av Hareid.
Inn mot pause tok Ørsta over mykje av spelet, men Hareid fortsette med sitt aggressive og høge press. Ørsta kunne nok kanskje fått ei scoring om dei hadde vore meir effektive framfor målet.
Andre omgang starta med eit vanvitig tempo frå Hareid og allereie etter tre minutt hadde Robin Indreflø vore frampå eit par gonger. Fyrst med eit langskot som sneik seg ein lite meter over Ørstamålet. Så kom han åleine med keeper men avslutninga sneik seg like utanfor stolpen. Men Hareidpresset skulle løne seg att allereie etter 55 minutt spelt. Robin Indreflø slo eit innlegg mot bakarste stolpe. Der sto Runar Stranden som slo ballen attende mot andre stolpe. Og etter litt klabb og babb fekk kaptein Ruben-Kenneth Brandal ballen i mål. 0-2 til Hareid.
Resten av kampen bølga fram og attende og Ørsta hadde sine sjansar. Men den knallharde defensive jobbinga av Hareid kunne sikre inn årets tredje bortesiger.
Dykk jobba knallhardt gjennom heile kampen i dag. Korleis var det?
- Vi er godt trena. Vi køyrer på sjølv om det er sesong og vi har bra intensitet på trening. Vi har lagt opp treninga slik at vi får trøkket uansett og eg trur vi får att for det utover sesongen. Vi flyttar føtene utruleg mykje i dag og det smakar godt med tre poeng, sa ein strålande fornøygd kaptein Brandal.
Kampfakta:
Ørsta kunstgras
Ørsta 0 – 2 Hareid
Mål: 27 min: 0-1. Runar Stranden, 55 min: 0-2. Ruben-Kenneth Brandal
Hovuddommar: Martin Solheim
Assistentdommar 1: Henning Skjeret
Assistentdommar 2: Arild Vegsund
Tilskodarar: ca 50