Fredag startar NM i Rytmisk Gymnastikk i Tromsø og Hødd har med tre utøvarar, to i senior internasjonal klasse og ei i junior internasjonal klasse.

16 og 17 år gamle Sophie og Malene Brevik Nesse stiller begge i senior internasjonal klasse firekamp. Deira yngre syster Linnea (12 år) stiller i junior internasjonal klasse. Linnea Brevik Nesse er førsteårs junior.

Trenar Lisbeth Brevik Nesse fortel at forventningane til NM er at dei tre Hødd-jentene skal prestere opp mot sitt aller beste.

- Det å vere sterke psykisk og ha tru på seg sjølv og sine kvalitetar er ein viktig eigenskap i dette selskapet. Resultata får kome deretter, fortel ho.

Trenaren fortel samstundes at begge seniorutøvarane har eit mål om å kome blant dei ti beste under NM, der det i år er rekordmange påmelde, med heile 32 seniorarar.

- Alle dei beste utøvarane kjem frå Asker, og dei har nettopp representert Norge under Nordisk. Det å kunne hevde seg blant desse gymnastane synest vi er stort, fortel Lisbeth Brevik Nesse. Ho legg til at Hødd-jentene trenar i eit lite miljø, der både trenarressursar og takhøgda på treningsarenaen legg nokre hindringar.

- Vi gjer likevel det beste utav det og jentene er utruleg flinke til å jobbe og skape kvalitet i den daglege treninga.

NM i Tromsø startar fredag ettermiddag og vert avslutta med finalar sundag.