Hareid damelag tok i mot Herd sitt 2.-lag på Hareid stadion. Ifølgje Hareid IL sine heimesider leia vertane 2-1 til pause, men i andre omgang var det gjestene frå Moa som scora flest mål.

Kampen enda til slutt heile 4-4. Målscorar for Hareid var Kristin Marø (2), Runa Mork Røyset og Anette Ulvestad, opplyser Hareid IL.

Dette var Hareids siste kamp før sommarpausen tek til.

Hødd-siger

Også Hødds 2.-lag var i aksjon tysdag. Dei tok i mot dåverande serieleiar Bergsøy på Høddvoll kunstgras.

Det enda med ein 4-2-siger til Hødd-damene.

Hødd har framleis éin kamp igjen før dei tek pause.

*

I divisjonen er det per no Hødds 2.-lag som toppar, men både Guard (tre kampar mindre) og MSIL/Blindheim J19 (éin kamp mindre) kan ta dei att etter deira neste kamp.