Sundag var Hødd sitt damelag på sesongens første bortetur til Trondheim. Byåsen 2 var motstandar og Hødd-damene hadde nok eit håp om å knipe med seg minst eitt poeng på turen til Trøndelag, spesielt etter ein god cupkamp mot Clausenengen tidlegare i veka.

Sist sesong var det Byåsen sitt førstelag som var motstandar for Hødd i 2.-divisjon, men Trondheimslaget vann avdelinga suverent og rykte opp til årets 1.-divisjon.

Fekk ikkje ballen i mål

Slik sett burde det vere større sjansar for at Hødd kunne få med seg eit brukbart resultat frå årets første bortekamp, men med manglande treffsikkerheit framom mål gjekk det ikkje heilt vegen.

– Kampen er temmeleg jamn, det bølgjer fram og tilbake og begge lag har store sjansar, men vi klarar ikkje å setje ballen i mål, fortel trenar Ole Per Kragset frå bussen på veg heim til Sunnmøre.

Trenaren måtte sjå at medan Hødd-damene sløste med sine sjansar, så scora Byåsen 2 ein gong før pause og to gongar etter.

– På det første så ville vi ha offside på kantspelaren, og då blir vi ståande for mykje når innlegget går. Samstundes burde vi nok ha leia til pause, fortel Kragset. Hødd hadde nemleg fem sjansar der spelarar kom åleine med keeper, utan at det blei teljande resultat.

Må leggje inn avslutningstrening

– Vi må heilt klart til med avslutningstrening, ler Kragset. Han meiner det er positivt at Hødd skaper mykje også i ein tøff bortekamp og at laget ville hatt gode sjansar til å vinne kampen dersom dei hadde fått med seg scoring på ein eller to av dei største sjansane sine.

Laget reiste til Trondheim utan ein del av spelarane som vanlegvis ville vore med i troppen, og Hødd måtte mellom anna klare seg utan Andrea Sævik, Caroline Overvåg, Gro Aksnes og Anne Marie Skaar Hasund. Det gav mellom anna Andrine Nevstad, framleis 14 år, sjansen til å seriedebutere for Hødd-damene.

Komande sundag har Hødd ny kamp mot eit lag frå Trøndelag. Då er det Nidelv som tek turen til Høddvoll. Nidelv vann sin første seriekamp med overbevisande 5–1 mot Sunndal, men Ole Per Kragset har tru på at Hødd skal kunne få med seg noko frå den kampen.

– Den er absolutt mogeleg å vinne, slår Kragset fast.

Kampfakta

Byåsen KF2 - Hødd 3 - 0 (1-0)

Lade 4 Kunstgress

Dommar: Alexander Hole, Kroppan BK

Mål: Thea Johansen (27), Carina Nygård (64), Julie Myhre (81)

Hødd: Amalie Brandal Kragset, Silje Holstad, Susann Kragset, Benedikte Nevstad, Therese Holstad, Ellen Nerland Aahjem, Ingvild Sæther Ringstad, Mari Heggen, Angelica Palacio Vattøy, Astrid-Oline Roppen, Ingrid Måseide

Innbytarar: Julie Beitveit, Siril Amalie Rusten, Marte Aarsand Vik, Andrine Nevstad.

*** Amalie Brandal Kragset

** Silje Holstad

* Susann Kragset