Kampen mot Kongsvinger torsdag kveld var Hødd sin fjerde kamp på berre elleve dagar. Likevel har Nilsen stort sett nytta dei same spelarane frå start i alle desse kampane. Når laget møter Bodø/Glimt i morgon har han derimot planar om å endre på laget.

– Vi har svoltne gutar som har lyst til å vere med på dette her, så vi har folk vi kan setje inn som er friske i beina, seier Nilsen.

– Så det blir nokre endringar mot Bodø/Glimt?

– Ja, det blir forandringar. Definitivt. Vi får ta ei oppteljing etter kvart og sjå korleis spelarane kjenner seg. Vi har mange gode spelarar som er klare.

Ertsås-framgang

Bendik Torset, Tobias Nygård Vibe, Vegard Heltne og Rune Ertsås er nokre av namna Nilsen hintar kan få sleppe til. Sistnemnde er ein spelar som Nilsen gjerne vil ha i gang, men på grunn av skadane hans har Nilsen vore forsiktig med å bruke angrepsspelaren for tidleg. Men han ser framgang i nysigneringa.

– Han har jobba hardt på trening og har gjort nokre innhopp dei siste kampane, og han kom også inn mot Kongsvinger. Så han matchar vi sakte men sikkert, og han ser betre og betre ut. Når han er tilbake for fullt er vanskeleg å seie, men han er i alle fall på god veg, fortel Nilsen.