Den tidlegare Hødd-keeperen Ørjan Nyland vart måndag teken ut i Noregs U23-tropp som skal møte Tyrkia i finalen av International Challenge Trophy.
Denne kampen blir spelt på Sør-Arena i Kristiansand 14. august.
Tidlegare var det Lars Cramer og Sten Grybust som har vore keeperar i denne troppa, men i dette uttaket har Cramer blitt byta ut med Nyland.
Nyland stod dei aller fleste kampane under årets U21-EM i Isreal, der han imponerte stort. Molde-keeperen fekk mellom anna 9/10 på børsen i tapet mot Spania, i tillegg til at han vart han teken ut i EMs beste lag.
Også den tidlegare Hødd-spissen Adama Diomande, no Strømsgodset, vart teken ut i denne troppa.
I tillegg til dei to eliteseriespelarane vart også ungguten Fredrik Aursnes teken ut på U18-landslaget sist måndag. I løpet av tre dagar skal Aursnes møte Irland i eit dobbeltoppgjer 13. og 15. august.
Resten av U23-troppa:
Sten Michael Grytebust - Aalesunds FK Ørjan Håskjold Nyland - Molde FK
Martin Linnes - Molde FK Even Hovland - Molde FK Kim Andre Madsen - Strømsgodset Ruben Kristiansen - Tromsø IL Lars Christopher Vilsvik - Strømsgodset Stefan Strandberg - Rosenborg BK Magnus Lekven - Esbjerg Anders Konradsen - Rennes Harmeet Singh - Feyenoord Abdisalam Ibrahim - Strømsgodset Remi Johansen - Tromsø IL Jo Inge Berget - Molde FK Adama Diomande - Strømsgodset Ola Kamara - Strømsgodset Fredrik Guldbrandsen - Molde FK Flamur Kastrati - Strømsgodset