Ifølgje smp.no tok heimelaget leiinga ved Kristian Benjaminsen etter fire minutt. Fire minutt seinare utlikna Håkon Orten Trovåg. Benjaminsen sende Elnesvågen opp igjen i leiinga og Torbjørn Trøen auka på frispark etter halvtimen.

Trøen la på til 4-1 like etter pause, før Mats Øvrebotten reduserte for Hødd ein halvtime før slutt.

Men fleire mål vart det ikkje og Hødd reiser heim frå Fræna med 4-2-tap.

Hødd stilte eit reint juniorlag denne kampen. Trass i fem tap på rad ligg laget framleis på ein relativt trygg 8.-plass i 3.-divisjon. Neste motstandar er Kristiansund 2 på heimebane.

PS. I ein annan 3.-divisjonskamp i dag vann Aalesund sitt andrelag 4-3 borte mot Kristiansund 2.

PS 2. I Adeccoligaen vart det eit fyrverkeri av ein kamp mellom Fredrikstad og Vard Haugesund i "Plankebyen". Fredrikstad leia ei stund 3-1, før Vard snudde til 3-4. Julius Adaramloa fastsette sluttresultatet til 4-4 tre minutt før full tid.

Les også:

* Ex-høddarar scora