Ola skora 14 mål under juniorane sitt KM i Strandahallen i helga. Det var nest mest av samtlege spelarar. Toppskorar vart Sondre Beite frå Skodje, men han fekk spele to fleire kampar enn Ola.

Hareid måtte nemleg seie farvel i kvartfinalen. Skodje kom seg heilt til finalen, der dei tapte for Volda.

Hareid kvalifiserte seg for mellomspel med følgjande resultat:

Hareid-Volda1 2-4

Hareid-Sykkylven 6-2

Hareid-Stranda2 6-1

I mellomspelet vann Hareid 4-2 over Stordal2 og 3-0 over Stranda1.

Men i kvartfinalen var det slutt og tap 3-4 for Ørsta/Vartdal.

Hasundgot vart utslått i puljespelet etter desse resultata:

H.got-Brattvåg1 1-1

H.got-Stordal1 1-3

H.got-Rollon2 2-1

H.got-Vigra 2-3

Hødd, som er kretsmeister i 11-ar-fotball i denne klassa, stilte ikkje futsal-KM.

*

I futsal-KM for G15 nådde to av Hødd sine tre lag mellomspelet, men der måtte dei seie farvel.

Komande helg er det futsal-KM for G16 i Strandahallen og J19 og Kvinner sr. i Borgundhallen + innleiande runder for G13 og Menn sr.