Juniorjentene til Hødd vann fredag 2. august finala i A-sluttspelet mot Træff. Kaptein Ragnhild Ertesvåg scora to mål medan Angelica Vattøy scora eitt.

Ertesvåg vart for øvrig kåra til banens beste spelar i finala.

Spelte seg til gull

I videoen frå Ekebergsletta får vi følgje Hødd-jentene sin veg til gull. Her får du kommentarar og intervju frå spelarar og jentene sin trenar, Andre Nevstad, som også er sportsjef i IL Hødd.

Vidare får du sjå overrekkinga av vinnarpokalen frå statsminister Jens Stoltenberg.

Jubelscener frå pokalutdelinga på Ekebergsletta. Foto: Vegard Anders Skorpen