- Vi har kontrakt med begge også neste år, og det held vi oss til. På den andre sida har vi sagt til begge at dei står fritt til å kike seg om etter andre klubbar å spele for no, seier Hødd sin daglege leiar André Nevstad. Derimot er det klart at Andreas Sørgård Olsen, ein annan innhenta, kontraktsbunden spelar, vil halde fram i Hødd. Hødd a-lag har begynt å røre på seg igjen etter november-dvalen. Treningane tok til måndag denne veka. No i desember samlast dei tre gonger i veka - i tillegg til at kvar enkelt skal drive eigentrening. Etter nyttår, nærare bestemt 5. januar, blir det fullt trykk på treningane. I denne perioden vil både spelarar frå rekrutteringsgruppa og spelarar frå andre klubbar få tilbod om å trene og prøvespele - og på den måten kvalifisere seg til kontrakt. Prøvekampane vil stort sett gå av stabelen på fredagar.
Sport →
Hødd: Veris og Skard fristilte
Ting kan tyde på at amerikanaren Kyle Veris og brumunddølen Vemund Brekke Skard kjem til å finne seg andre klubbar enn Hødd å spele for neste år.