Før torsdagens kamp hadde ikkje Hødd slept inn eit einaste mål på dei siste tre obligatoriske kampane sine. Hødd-orsvaret skulle vise seg å vere ei hard nøtt å knekke denne gongen også.

I ein jamn kamp der begge laga kunne ha teke alle tre poenga var det ei skåringa av Sivert H. Nilsen ni minutt før full tid som vart utslagsgjevande.

På eit hjørnespark lurte midtbanekrigaren seg fri frå markeringa og sette kontant inn vinnarmålet.

- Ei skåring av ein ekte måltjuv. Det var heilt fantastisk å sjå den gå inn. Erik (Sandal) slo ballen litt ut frå første stolpe og då tek eg ballen på volley. Eit godt plassert skot, smilar matchvinnaren.

Vanskelege forhold

Sjølv om grasmatta på Høddvoll tilsynelatande ser grei ut, er det framleis eit stykke att til den er perfekt. Det merka også spelarane under kampen.

- Bana er ikkje akkurat innbydande til sambafotball, så det blir ein slitekamp etter kvart. Når den er tørr i tillegg så er ikkje det lett å finne flyten, men nok ein gong så kjempar vi marginane på vår side, påpeikar målskåraren.

Til tross for baneforholda har Hødd vunne alle heimekampane denne sesongen, alle med eittmålssiger. Det meiner Nilsen er ein god prestasjon av laget, som etter kampen klatra opp på ein 2. plass.

- Flinkare å nullstille

- Vi har ein veldig god førsteomgang, men vi klarar ikkje å setje sjansane våre. Vi har vel 11 hjørnespark og får utteljing til slutt, så eg meiner vi vinn fortent. Gutane blir slitne utover i kampen, men dei går heilt ned i kjellaren og hentar ut det vesle ekstra som gjer at vi vinn, og det er utruleg deilig, seier trenar Lars Arne Nilsen.

Så langt i år har Hødd vunne seks strake kampar etter 3-2-tapet mot Fredrikstad i serieopninga. Trenaren meiner at laget har modna veldig sidan i fjor.

- Det handlar om å vere ekstra flinke til å nullstille og litt meir proffe slik at vi kan attskape det same til kvar kamp. Vi har blitt klokare og litt modnare, stadfestar han.

Vanskeleg bortekamp

Å nullstille blir eit viktig moment for Hødd-laget. Allereie om tre dagar ventar en ny kamp for dei regjerande cupmeistrane.

Då er det Bodø/Glimt som er motstandarar. Det trur Sivert Nilsen blir ei tøff utfordring.

- Bodø/Glimt på Aspmyra er truleg den vanskelegaste bortekampen i sesongen. Så då er det om å gjere å nullstille fortast mogleg, presiserer Sivert Nilsen.

Les også:

* Hødd 1-0 Kongsvinger

* Kampen i bilete