Eirik Heltne kan vere aktuell til 6 av 8 kampar i den komande åttedagarsperioden. Kor mange blir det? Foto: Per Werkland

Det tek til med at det unge Hødd2-laget i 3.-divisjon møter Norborg på Høddvoll i kveld tysdag.

Onsdag skal juniorlaget i aksjon på bortebane mot Spjelkavik. Juniorlaget vann nyleg 2-1 over AaFK og har fått eit lite overtak på 1.-div.-tabellen.

Torsdag er "fridag", men fredag skal Hødd2 ut i ny kamp - denne gongen borte mot Stranda.

Laurdag skal Hødd-juniorane ut i 2.-rundekamp i NM-cupen mot AaFK. Kampen går på grasbana nedom den vidaregåande skulen.

Søndag er det "fridag" igjen før mandagen byr på juniorkamp mot Skarbøvik på Høddvoll.

Den hektiske åttedagarsveka blir avrunda med a-laget sin 2.-div.-kamp mot Rosenborg2 på Høddvoll tysdag kveld.

Og då spørs kor mange unge bein som er disponible.