Ballbingen har kosta 420.000 kroner. Hjørungavåg Idrettslag har fått 200.000 kroner i Tippemidlar. Resten er finansiert med lokale sponsorar og dugnad.

Under opninga torsdag takka Asbjørn Pilskog i Hjørungavåg Idrettslag Hareid kommune som har stilt areal til disposisjon for ballbingen. Takk fekk også FAU ved Hjørungavåg skule som har organisert dugnadsarbeidet blant foreldra, og Roy Tretnes og Ivar Liaset.

Den offisielle opninga var det kultursjef Oddbjørn Grimstad som stod for. Før han klipte snora slo han fast at ballbingen er eit synleg og godt døme på at dugnadsånda lever i beste velgåande i Hjørungavåg.

Ein tumlestad for alle unge

– Ballbingen er eit resultat av at Hjørungavåg IL set tiltak for born og unge i fokus, sa Grimstad.

Han takka idrettslaget og eldsjelene for dugnadsinnsatsen, og peika på at eit nærmiljøanlegg er akkurat det namnet seier, eit anlegg der folk bur, med kort avstand til brukarane.

– Kommunen håper ballbingen blir ein tumlestad for alle unge, til styrke for kropp og sjel, sosialt samvær og fredeleg kappestrid, så Grimstad.

Så klipte han snora, og borna kom veltande inn i ballbingen.