Sparebank-cupen i fotball i Ulsteinhallen - den såkalla "Odden-cupen" - blir arrangert 23. og 24. februar. Flø IL har alt sendt ut invitasjonar. Cupen blir den sjuande i historia. Truleg blir det ei turnering med 24 lag - 16 herrelag og 8 damelag. Dei laga som svarar først på invitasjonen får plass. Flø kjem sjølve til å stille to lag, les vi på Flø si heimeside.