Først litt om dei som har måtta seie takk og farvel: HAREID sitt G16-lag fekk w.o. i 1. runde av A-sluttspelet. I den 2. runda (1/32-delsfinalen) møtte laget Kvik Halden, som hadde spelt 1-1 mot Hødd i puljespelet. Kampen enda 3-1 til Østfold-laget, og dermed var det ”game over” for Hareid. Også Hareid J16 (sjuarlag) kom til A-sluttspelet, men vart slått ut i 1. runde av Giv Akt/Spangereid (1-3). Hareid G14, som opna med 2-0 over Molde i B-sluttspelet, måtte seie takk og farvel etter 1-3-tap for Nordre Land i den andre kampen. HASUNDGOT fekk med eitt lag i A-sluttspelet – G14-laget (sjuarlag). Men dei tapte den første sluttspelkampen 0-1 for MSIL. Det andre Hasundgot G14-laget (sjuar) tapte 1-3 for Vindbjart i første B-sluttspelrunde.’ Hasundgot J14 (sjuar) hadde w.o. i 1. runde i B-sluttspelet og tapte på corner for Skotfoss i 2. runde. Etter ordinær tid stod det 0-0. Men Hasundgot har likevel noko å heie på torsdag: J16-laget (sjuar) har nemleg vunne begge kampane sine i B-sluttspelet: 2-0 over Stranda og 1-0 over Arnadal/Stokke. Det betyr at jentene skal spele kvartfinale mot Helle/Sannidal kl. 12.20 torsdag! HADDAL fekk med tre av fire lag i A-sluttspelet i sjuarfotball, men alle var ute av dansen i løpet av onsdagen. Lengst nådde G16-laget og J16-laget. G16, som opna dagen med å slå Dristug 3-1, tapte deretter 0-2 for Skjolden. J16-laget hadde walk over i første A-sluttspelrunde, for så å tape 0-2 for TUS Sundern i 2. runde. J14 tapte 0-1 for Veblungsnes i 1. A-sluttspelrunde. Haddal G14, som skulle prøve å avansere i B-sluttspelet, tapte 2-3 for Vartdal i første kamp. SÅ HØDD-LAGA: Hødd G16 opna A-sluttspelet med 6-0 over KFUM. Deretter var Norild motstandar i den andre onsdagskampen, som enda 4-0 til Hødd. Hødd er dermed i 1/16-delsfinalen og skal møte brasilianske Pequeninos torsdag kl. 10.35. Hødd J19 slo Sveio 12-0 og Vålerenga 3-0 i puljespelet – og spelar første A-sluttspelkamp (1/8-finale) mot Grei/Linderud/LG torsdag kl. 13.45. Hødd J16 vann 1-0 over Bergen nord i første A-sluttspelkamp og møter Haugar i 1/16-delsfinalen klokka 11.35 torsdag. Hødd har også med to sjuarlag i J14-klassa. Begge hadde w.o. i første A-sluttspelrunde. Så var det klart for andre A-sluttspelrunde. Her vann Hødd1 over Stranda på golden goal etter 3-3 ved ordinær tid, medan Hødd2 vart slått ut av Sogndal på golden goal etter 1-1 ved ordinær tid. Hødd1 møter Øygard i 1/8-delsfinalen klokka 10.40 torsdag. NB: Hødd har også eit lag i B-sluttspelet, Hødd G14. Dei er klare for vidare spel etter å ha slått Tangen/Vallset 6-1 og Vestbyen 2-1 i løpet av onsdagen. Torsdag klokka 9.40 møter dei Nordstrand i det som er 1/8-delsfinale i B-sluttspelet.