Det melder Dagbladet.

Everton skal ha hatt Nyland i tankane lenge, medan interessa frå Manchester United er meir fersk. Førstevalet David de Gea treng ein skikkeleg utfordrar, sidan den tidlegare Aalesund-keeperen Anders Lindegaard ikkje har slått heilt til.

Voldingen Ørjan Håskjold Nyland var Hødd-keeper mellom 2007 og 2012. Hans siste Hødd-kamp var cupfinalen 25. november det året, då Nyland var banens beste spelar.

Så gjekk 23-åringen til Molde, der han sikra seg eit nytt cupgull.

I fjor haust debuterte Ørjan Håskjold Nyland på det norske a-landslaget.