Halve Hødd-troppen frå 2016 har kontrakter som går ut etter denne sesongen. Sportssjef André Nevstad har varsla at det vil verte endringar i spelarstallen, men har også lagt vekt på at ein ønskjer å få på plass trenarteamet før ein tek tak i spelartroppen for 2017.

Vi har høyrt med nokre av spelarane som er på utgåande kontrakt kva dei tenkjer om den komande sesongen.

Steffen Moltu (30)

- Eg er ikkje negativ til å vere ein del av Hødd-troppen i 2017, men eg har ein totalsituasjon som eg må vurdere ting utifrå, seier midtstopparen, som ikkje ønskjer å seie særleg om han vurderer andre alternativ.

Magnus Myklebust (31)

Etter eit år med store skadeproblem er det ein offensiv Myklebust som ser framover mot 2017.

- Eg er revansjesugen som få og er veldig gira på å spele fotball også i 2017. Dette vart ein veldig spesiell sesong, men no er eg tilbake i godt, gammalt slag, fortel Myklebust. Han legg til at han ønskjer å spele på så høgt nivå som mogleg, og at han er positiv til å kunne halde fram i Hødd.- Eg føler at eg har fleire år igjen på godt norsk nivå, og no er motivasjonen nesten sterkare enn den har vore. For det har ikkje vore kjekt å sjå kampane frå tribuneplass.

Jesper Törnqvist (31)

- No er det litt ventetid på grunn av at det er ting som skjer i klubben, med nytt styre og med trenarjakt. Hødd er ei moglegheit, men eg vil ikkje bestemme meg for noko før eg veit kven som blir trenar. Eg må vite at det er ein trenar som ønskjer meg og trur eg kan tilføre noko, seier Törnqvist, som berre fekk fire seriekampar frå start denne sesongen, etter å ha spelt kvart minutt for Hødd dei tre føregåande.

Joakim Wrele (25)

- Eg har ikkje bestemt meg for kva som skjer i 2017-sesongen. Eg har vore i ein diskusjon med Hødd om å forlenge, men sidan eg har utgåande kontrakt så må eg også tenkje på kva som vil vere best for mi eiga utvikling. Eg trivst veldig godt i Hødd, men det er framleis uklart kvar eg spelar neste sesong, seier Wrele.

Christoffer Aasbak (23)

- Eg ser for tida på andre alternativ, seier venstrebacken som kom til Hødd frå Byåsen før 2014-sesongen.

Bendik Torset (27)

- Vi har ein dialog . Eg ønskjer å vere med vidare og har ikkje tenkt på andre moglegheiter førebels, seier Torset.

Vegard Heltne (27)

- Eg har veldig lyst til å vere med på å spele Hødd opp att i 1.-divisjon, så det blir spanande å sjå kva som skjer framover, for no sit ein litt og ventar på svar.

Heltne fortel at han forstår at klubben er litt usikre på nokre spelarar, mellom anna han sjølv, etter ein sesong som lenge var prega av skader. - Men dei siste fire-fem månadane har eg vore skadefri, og utan å kjenne noko til lyskeskaden frå tidlegare i sesongen, så det er eit godt teikn. Heltne fortel også at han håpar på at svara frå Hødd kjem så snart som råd.

Joachim Magnussen (29)

Svar håpar også Magnussen på å få.

- Vi har prata med Hødd, men med ein trenarkabal som skal på plass og eit styre som skulle settast så har det ikkje skjedd så mykje den siste tida. Så no håpar ein sjølvsagt at ting kjem på plass ganske raskt. Han seier at spelarane sjølvsagt ønskjer å få prate med den som skal verte ny trenar, og reknar med at det også vil vere ein prioritet for den nye trenaren.

- Men i mellomtida må vi berre trene og stå på, og så får vi sjå kva som skjer, seier Magnussen.

Og kanskje treng ikkje spelarane om å vente så mykje lenger. Les meir om det her (For abonnentar)