– Ein gong i året bør vi kunne droppe billettinntektene til fordel for ei god sak. Vil vil vise at vi bryr oss, seier Einar Orten Trovåg, nestleiar i Hareid IL Fotball.

Glade for bidrag

Ideen kom frå Giske IL, som gjorde eit liknande tiltak i vår. Før sommaren bestemte fotballgruppa i Hareid seg for å støtte eit godt formål gjennom. Leiar Stian Runne Brandal har vore i kontakt med Kreftforeningen, som har sendt bøsser og relevant informasjon til Hareid.

– Vi krev sjølvsagt ikkje at alle gir pengar, men vi håper jo at dei som har høve legg igjen eit bidrag til ei veldig god sak. Kor mykje ein vil gi er heilt opp til gjevaren. Både vi og Kreftforeningen er glade for alle bidrag som kjem inn, seier Stian Runne Brandal.

Lag i form

Bøsseberarane vil stå ved inngangen og ved kiosken gjennom heile kampen. Ein treng ikkje nødvendig om å sjå sjølve kampen for å gi eit bidrag.

– Men vi håper jo på god oppslutning. Dette er eit Søre-derby mellom to lag i form. Vi har hatt bra med publikum i sommar og håper det gjentek seg, seier arrangementssjef Ørjan Røyset.

Kan vinne drakt

I tillegg til Kreftforeningen-innsamlinga legg arrangørane opp til tippekonkurranse ved stadioninngangen, der alle som vil kan tippe resultatet av kampen. Den eine er ei Hareid-drakt signert av alle spelarane. Nummeret er 5 og er faktisk den same drakta Kim-Tore Husøy har brukt dei siste sesongane. Med andre ord ein premie som kan felle heimefansen i smak. Den andre premien er eit fruktfat.

Fotballstyret i Hareid IL er klare for innsamling til kreftsaka. Frå venstre: Arrangementssjef Ørjan Røyset, leiar Stian Runne Brandal, nestleiar Einar Orten Trovåg og kasserar Gunnar Aursnes.