Dei få som hadde tatt turen til Valdervoll dennefredagskvelden fekk sjå ein til tider intensiv kamp mellom to engasjerte lag.Valder gjekk rett i angrep og skaffa seg fire hjørnespark før det var spelt tominutt. Men det var Hareid som skapte den første sjansen då ei heading fråAudun Øvrelid så vidt vart fista over av heimekeeperen etter 11 minutt. Valderheldt fram med å produsere hjørnespark (fekk til slutt 13, 11 av dei førpause). Men Hareid stod godt imot defensivt og skapte også kampens andre storemoglegheit då Joachim Røyset banka ballen over mål frå kort hald etter 20minutt.

Valder skapte først ein del store sjansar detsiste kvarteret inn mot pause. Erlend Synnes Skjong slo eit fint frispark somVagn Scheide Mork redda like fint. Like etter varta Hareid opp med eitmønsterangrep som Joachim Røyset dessverre avslutta rett på Valder-keeperen.Både i det 35. og 37. minutt kunne heimelaget ha tatt leiinga. Den første moglegheitavar ei avslutning frå bakarste stong som gjekk utanfor. Den andre vart redda påstreken av Lars Andreas Dahlen Folkestad. Eitt minutt før pause tok Valderleiinga. Ein spelar kom åleine mot Vagn Scheide Mork, som redda flott. Menreturen vart sett i mål av Steffen Oksnes Elde (Mork var Hareids beste spelar,medan Elde i særklasse var Valders beste).

2. omgang opna seg meir opp enn den første. Speletbølgja fram og tilbake i stort tempo. Valder kom best i gong då ein umarkert(og truleg offside-plassert) Emil Jensen dobla leiinga i det 49. minutt.Mathias Dyb kunne ha auka til 3-0, men avslutta i stonga etter ei kontring.

Andre del av 2. omgang køyrde Hareid stort settshowet (sjølv om vi tek med ei god Mork-redning etter 71 minutt). Etter 65minutt fekk Hareid dessverre annullert eit mål for offside. Bortelaget fekkogså fleire dødballar som vart ganske eller veldig farlege. Etter 80 minutt komendeleg utlikninga. Eiliv-Tore Howlid scora etter eit innlegg frå Hiwa Alipoor.

Hareid køyrde mange mann i angrep for å jageutlikninga. Men ho kom aldri. Og fleire minutt på overtid utnytta Valder høvettil å kontre inn 3-1.

Alt i alt skapte Valder mest og vann dermedfortent. Hareid-spelarane jobba godt, men evna ikkje å vere like kvasse iangrep som Valder.

Ref. HIL

Kampfakta4.-divisjon runde 13Valder - Hareid 3-1 (1-0)Valdervoll kunstgrasTilskodarar: 22Mål: 1-0 Steffen Oksnes Elde (44), 2-0 Emil Jensen (49), 2-1Eiliv-Tore Howlid (80), 3-1 Ukjent (90+5)Dommar: Bjørn Ivar Bondeli, VigraGule kort: Emil Jensen, Valder og Vagn Scheide Mork, Hareid.Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Ole André Kragset, Eiliv-ToreHowlid, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Antoni Gardshol (Emil Johannes DahlenFolkestad 40) - Ola Kalvø Vattøy, Audun Øvrelid, Joachim Røyset, Tore BjørgeMjønes (88) - Hiwa Alipoor, Georg Eikrem Olsen (Benjamin Slettebakk 76)