Pilskog deltok i Berlin Maraton på rulleskeiser for andre året på rad sist helg og fekk tida 1.25.59, ni minutt betre enn i fjor.

Om lag 6500 personar, av dei 56 nordmenn, stilte til start under fine forhold i Berlin. Totalt vart Pilskog nummer 502. Gjennomsnittsfarten hans var på 29.45 kilometer i timen.

Bart Swings vann rulleskeisemaratonen og sette ny verdsrekord, i år som i fjor - no med tida 58.10. Swings er den einaste i verda som går distansen (ca. 42.2 kilometer) på under éin time.