Denne helga er Dimna IL på Lillehammer med ein stor tropp i Veidekkelekene. Stemnet tjuvstarta torsdag kveld med mellom anna 200-meter for dei yngste klassene.

Her gjorde 12 år gamle Anna Kleven det aller best av dei unge Dimna-utøvarane. Ho tok ein sterk 3.-plass i sin klasse. Ein god prestasjon med tanke på at ho konkurrerte mot dei beste 12-åringane i landet.

I dag skal ein del av dei eldre i aksjon, melder Dimna IL.