Jan-Ove blei medlem av Blåsarane, supporterklubben til Hødd, i 2009. Han bevega seg frå sittetribuna til ståplassane, der det å synge og lage mest mogeleg lyd er det som gjeld. Uansett kvar Hødd spelar, er dei med og lagar stemning på tribuna.

– Blåsarane er ein open gjeng, veldig samansveisa, men ein gjeng som inkluderer alle som har lyst å bli med. Kvart år aukar vi i talet på medlemmer. Blir du med på første bortetur med overnatting, så blir du verande, då blir du ein del av dei som er der, fortel Sørensen.

Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015.  Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.

Les meir om Blåsarane og Jan-Ove på Nernett.

Sjå første episode: - Hødd er ein livsstil

Sjå andre episode: – Når jobben din er å spele fotball så er det alt du har lyst til

Sjå tredje episode: - Eg har spelt fotball sidan eg kunne gå

Sjå fjerde episode: - Ein blir aldri for gamal

Sjå femte episode: - Hødd har vore ein stor del av livet mitt i mange år

Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.

Les også: - Blir meir og meir ein Høddar

Siri Husby Fiskum, Silje Steinnes Bjerknes, Ane Mørk og Gunhild Kjeilen Kallvig frå Høgskulen i Volda står bak nettserien "Ulsteinviking - I med og motgang".