– Han trenar utøvarar opp til 15 år der borte, og det var dermed mange av våre utøvarar som er i same aldersgruppa. Han veit difor veldig godt korleis ein skal jobbe med denne aldersgruppa, fortel Magomed-Khan Kudosov, trenar i Ulstein Taekwondoklubb.

Dette er ikkje første gongen klubben får besøk frå dyktige trenarar eller utøvarar. Mellom anna har bror til Khan vore i Ulsteinvik tidlegare.

– Eg var i Korea i sommar og møtte dei i samband med VM der. Vi har også russisk bakgrunn sjølv, og dei ønskjer å hjelpe oss. Dei synest det er kjekt å kunne dele sin kunnskap med oss og

Det heile byrja med Khalid Muzaev, verdsmeisteren som besøkte Ulstein Taekwondoklubb tilbake i 2015.

– Derfrå har vi blitt kjende med fleire og fleire. Det er veldig hyggelege folk og vi driv jo med same sporten.

Stor inspirasjon

Det å få ein russisk landslagstrenar på besøk har sjølvsagt vore motiverande for medlemmane i klubben. Då lokalavisa var innom var ein i ferd med å avslutte for dagen, men det var heilt tydleg at aktiviteten hadde vore intens på loftet på Ulsteinvik barneskule, der Ulstein Taekwondoklubb trenar.

– Nivået på våre utøvarar er sjølvsagt ikkje like høgt som det er på landslagsnivå, så trenaren starta med å teste utøvarane for å finne deira nivå og så bygde han på derfrå. Det har vore veldig lærerikt, både for utøvarane og for oss trenarane. Vi får ny inspirasjon, nye måtar å trene på og du ser at det blir tend ein flamme i utøvarane som deltek. Det er ikkje kvar dag ein får sjansen til å trene med ein landslagstrenar. Utøvarane blir inspirert og motivert, dei trenar hardare og vi ser også det på treningane etter slike helgar. Det får effekt også i tida framover, trur Magomed-Khan Kudosov.

Han legg til at den russiske trenaren har lagt mykje vekt på at utøvarane også må utvikle seg utanfor treningsarenaen.

– Dei må utvikle seg som personar. Det er ikkje nok å berre kome hit og gjere jobben på trening, også timane der ein ikkje er på trening er viktige. Ikkje alle kan bli verdsmeistrar, men alle kan bli bra menneske, fortel Kudosov.

– Ein må gjerne sikte mot å både bli ein bra person og å bli verdsmeister. I verste fall så blir du ein bra person, smiler trenaren.

Vakkert på Sunnmøre

For Artur Khan har turen til Norge og Ulsteinvik vore interessant. Med Magomed-Khan Kudosov som tolk fortel han om ei spanande reise, der han har blitt imponert både over natur og arkitektur på Sunnmøre.

– Eg var veldig spent, men eg vart overraska over at naturen faktisk var slik eg hadde høyrt om. Folk som bur her innser ikkje kor vakkert her er, fortel Khan, som også synest det har vore ei artig oppleving å verte kjent med nordmenn.

Den russiske trenaren fortel at han ikkje visste kva nivå han kunne legge seg på før møtet med utøvarane frå Ulstein Taekwondoklubb.

– Vi testa dei ut i byrjinga, slik at vi kunne endre planen og sikre at utøvarane kunne utvikle seg best mogleg. Eg har forsøkt å tenne ein gneiste i utøvarane, og har eg klart det med minst ein av dei så har eg gjort jobben min.

Må trene mykje

Kvardagen til ungdomane frå Ulsteinvik er likevel ein heilt annan enn dei som Khan vanlegvis er trenar for. I Russland kjem idretten i første rekkje, medan det her til lands er mange andre aktivitetar som også tek mykje tid.

– Utøvarane treng tid til å jobbe med idretten. Det er ei bra atmosfære i klubben, alle er som ein familie og ein treng berre tid til å jobbe meir med idretten. Skal ein nå toppen så må ein trene kvar dag. Her kjem til dømes skulen først, i Russland kjem treninga først, og så blir skulen tilpassa til treninga. Då er det også enklare å få ei betre utvikling som utøvarar. Det er uansett mogleg for utøvarane å trene meir utanom dei faste treningane og då kan ein oppnå gode resultat, fortel Artur Khan.

Lærerikt: Både utøvarar og trenarar i klubben fekk ny lærdom frå den russiske trenaren. Foto: Magomed-Khan Kudosov.