foto
Syver Skundberg Skeide blir først 18 år i august, men spelte seg i fjor til nærast fast plass på midtbanen til Hødd. I år håper han å ta nye steg og at Hødd endeleg skal sikre opprykket til 1.-divisjon. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

– I år går vi for direkte opprykk

I januar 2021 vart Syver Skundberg Skeide henta opp i A-troppen til Hødd. Nokre få månader seinare signerte han si første A-kontrakt med klubben, men det var ikkje venta at ungguten skulle spele så mykje for førstelaget allereie i fjor.