Det blir ikkje fleire kampar på Høddvollgraset i år. Kampen Hødd-Molde2 laurdag er flytta opp på kunstgrasbana. Foto: Leiv Arne Grimstad

I morgontimane fredag låg det om lag 30 cm snø på hovudarenaen på Høddvoll. Vêrmeldingane vidare utover dagen tilseier at det kjem meir. Med slike utsikter blir det uråd å få klargjort bana. Derimot vil kunstgrasbana - med splitter nytt dekke - kunne ta i mot dei to laga.

- Fredag og laurdag føremiddag vil bli nytta til snørydding på kunstgrasbana, parkeringsplassane og området rundt Høddvoll, melder Hødd Fotball.

Kampen blir Hødd a-lag sin første seriekamp på kunstgrasbana.