Hareid IL sine gute- og jentelag i Ørstastafetten. Gutelaget gjekk til topps, medan dei to jentelaga tok 2.- og 5.-plassar. Hareid har i år vunne guteklassa i både Hadarstafetten, Vågen Rundt, Breimstafetten og Ørstastafetten! Foto: Privat

Ørstastafetten blei arrangert på bane som 1000 m stafett. (100 m, 200 m, 300, og 400 meters etappar).

Dimna IL sitt seniorlag løp godt i det kalde vårvêret og fekk tida 2.04,05, som berre er litt over eit sekund bak kretsrekorden på 2.02,99. Dimnagutane tok ein klar siger føre Ålesund FIK.

I guteklassa vart det ein kamp mellom Hareid IL, Ørsta IL og Dimna IL. Dimna tok leiinga på dei to første etappane. Men på dei lengste etappane var Hareid best, og sikra seg sigeren føre Ørsta og Dimna.

I dameklassa vart det som venta ein kamp mellom Dimna IL og Ørsta IL. Også her tok Dimna IL føringa frå start, men på den siste etappa vart Ørsta for sterke og sikra seg sigeren 3 sekund føre Dimna IL.

I jenteklassa 11-14 år vart det også heimesiger til Ørsta IL. Her blei det 2.-plass til jentene frå Hareid IL.

Resultat:

Rekruttar (4 x 100 m)

1) Ålesund 1.11.34.

2) Hareid1 (Håvard Breivik, Silje Å. Bjåstad, Hanna H. Grimstad, Svenning Veiseth) 1.15.05.

3) Ørsta 1.16.09.

4) Hareid2 1.16.20.

5) Dimna 1.16.12.

6) Hareid3 1.31.34.

Gutelag (1000 m)

1) Hareid (Nathaniel Eiksund, Andreas H. Rise, Kristoffer Hasfjord, Martin M. Breivik) 2.30.96.

2) Ørsta1 2.37,06.

3) Dimna1 (Johannes Våge, Nicklas Roppen Masters, Tobias Våge, Joakim Gustavsen) 2.37.62.

4) Dimna2 2.43.20.

5) Ørsta2 3.02,44.

Jentelag (1000 m)

1) Ørsta1 2.48.25.

2) Hareid1 (Pauline Holstad, Maria Rise, Oda Djupvik, Katrine Holstad) 2.52.04.

3) Ørsta3 3.02.68.

4) Ørsta2 3.05.59.

5) Hareid2 3.10.97

6) Dimna2 3.13.52.

7) Dimna1 3.16.55.

Damelag (1000 m)

1) Ørsta 2.26.92.

2) Dimna1 (Elisabeth Grimstad, Renate Grimstad, Maria Ringstad, Maria Vattøy) 2.30.14.

3) Ålesund 2.33.22.

4) Hareid 2.37.45.

5) Dimna2 2.40.54.

Herrelag (1000 m)

1) Dimna (Brage Dimmen, Henrik Overvåg, Anders Odden Pedersen, Martin Sæther) 2.04.05.

2) Ålesund 2.14.64.