Tysdag klokka 12.00 la Hurtigruta Polarlys til kai ved Vikeneset i Volda. Det celebre besøket skuldast behov for reparasjon i framdriftssystemet.

Det er Scana Volda som har fått i oppdrag å reparere ein clutch på eit gir i framdriftssystemet til skipet. I følgje tilsette ved Scana kan arbeidet ta nokre dagar. Såleis vert det god tid for skodelystne voldigar å ta skipet i nærare augesyn.