Verdsmeisteren på 400 meter hekk var ein av ti nominerte til European Athletics Golden Tracks-prisen for årets gjennombrot ("rising star").

No er det klart at han er ein av tre finalistar til prisen, men han er ikkje einaste nordmann. Også Jakob Ingebrigtsen er blant finalistane, medan Miltiadis Tentoglou frå Hellas er den tredje.

Vinnaren blir offentleggjort under ei prisutdeling i Vilnius 14. oktober.

Karsten Warholm var også nominert til prisen årets mannlege europeiske utøvar, men her er ikkje finalistane klare på noverande tidspunkt.