Dermed fekk Hareid på sitt tredje tap for sesongen. Kampen mot Volda var svært svak, og det var ingenting å seie på at grøntrøyene fekk med seg tre poeng heim. Hadde bortelaget vore meir effektive, kunne sifra blitt enda styggare - sett frå Hareid si side. I fredagens oppgjer mangla Hareid fleire spelarar – noko som har blitt eit vanleg syn hittil i sesongen. Joachim Moldskred, Torgeir Rusten, Martinus bakken og Even Hansrud var alle ute med skader. I tillegg måtte Kim-Tore Husøy stå over grunna karantene, medan Steffen Uldbæk var vekke på reise. Hareid-trenar Andre Skotheim var derfor tvinga til å gjere rokkeringar. Skotheim spelte sjølv frå start av – og gjorde dermed comeback i 3. divisjonssamanheng. Det same var tilfellet med Erdal Aydin, som fekk førespurnad om å sitte på benken i tolvte time. Då Robert Ulfstein vart skada under oppvarminga, var det dukka for Aydin-comeback også. Og dei to herrane, Skotheim og Aydin, var verkeleg friske i innleiinga. Hareid tok initativet i kampen umiddelbart, og styrte spelet dei første minutta. Etter fem minutt fekk Eiiv-Tore Howlid ein god sjanse til å sende raudtrøyene i leiinga, men headinga gjekk over mål. Volda var likevel snart på bølgelende. Etter 11 og 13 minutt fekk bortelaget to gedigne sjansar til å gå opp i leiinga. Men verken Ole Magne Rotevatn eller Kato Vangen var kalde nok framfor mål etter det som kan omtalast som passivt og slapt forsvarsspel av Hareid. Tjue minutt ut i oppgjeret fekk derimot bortelaget hol på byllen; Rune Haugen fekk ganske så lett sette inn 0-1 bak Vagn Scheide Mork. Igjen: ikkje godt forsvarsspel. Volda styrte resten av 1. omgang, men noko meir nemnverdig skjedde ikkje. Etter kvilen var Hareid meir på hogget igjen. Etter 66 minutt var Eiliv-Tore Howlid på ny nære – men marginane har ikkje vore på Hareid si side i årets sesong, og var det heller ikkje her. Så: då det var tjue minutt igjen var det dukka for nok eit Hareid-comeback. Toppscoraren frå 2007-sesongen, Ronny Jørgensen, entra endeleg bana igjen ein seriekamp. - Eg er framleis ikkje 100 %, og har meir å gå, sa Ronny sjølv – som kom rett frå bryllupsreise i dag. Hadde det ikkje vore for skadeproblematikken hadde han ikkje ein gong vore på benken, kunne han fortelje. Det var likevel tydeleg å sjå at det vart meir sting i Hareid-angrepet med storscoraren tilbake. Ronny klarte å vinne duellane og halde på ballen – eigenskapar som Hareid sårt har mangla. Men i det bakre leddet var det verre. Etter 77 minutt var Haugen frampå igjen, og sette inn 0-2. Same mann vart med rette dagens Volda-mann då han scora hattrick like etter. Og i sluttminutta spikra Kato Vangen den siste spikaren i Hareid-kista då han la på til 4-0. - Frykteleg dårleg kamp av oss, oppsummerte Ronny Jørgensen. Det er vanskeleg å seie seg ueinig i det. Med unntak av ei god opning, var det eit tafatt Hareid-lag som vart knust på eige kunstgras. Kampfakta: 3. divisjon avdeling 17, runde 4, 08.05.09: Hareidsmyrane stadion Hareid-Volda 0-4 Mål: 0-1 Rune Haugen (21), 0-2 Haugen (77), 0-3 Haugen (81), 0-4 Kato Vangen (84) Dommar: Even Myrheim, Herd. Hareid: Vagn Scheide Mork – Antoni Gardshol, André Nupen, Joar Møller, Marius Gunnarstein – Joachim Røyset, Andreas Kurseth, Erdal Aydin, Per Ståle Nykrem – André Skotheim, Eiliv-Tore Howlid. Innbyttarar. Steffen Lilleås for Skotheim (45.), Thomas Sætre Hauge for Gardshol (55.), Alexander Jackson Indreflø for Møller (59.) Ronny Jørgensen for Nupen (70), Benjamin Slettebakk for Aydin (75.) Heider: * Erdal Aydin
Sport →
-
Eit skaderåka Hareid-lag gjekk på ein solid heimesmell mot Volda i fredagens kamp. Bortelaget kunne til slutt reise heim med 4-0 i bagasjen.