Obos-ligaen har teke sommarpause fram til siste helga i juli etter 17 spelte serierunder. Hødd ligg på ein 12.-plass, poenget framom Fredrikstad som ligg på den øvste av fire nedrykksplassar.

I 2012 var det berre betre målskilnad som skilte Hødd frå å rykke ned til 2.-divisjon. Botnlaget Alta slo Tromsdalen i siste serierunde og Hødd kunne reise til Ullevål og Cupfinalen med ny 1.-divisjonskontrakt. I serien var dette likevel den dårlegaste av dei fire siste sesongane til dei blåkvite.

Heller ikkje denne sesongen har Hødd fått det til å stemme. Etter 17 serierunder er fasiten fem sigrar, tre uavgjorte kampar og heile ni tap. Det er like mange tap som i 2012, men Hødd har plukka med seg to poeng meir på dei første 17 kampane. I 2012 hadde Hødd nemleg berre fire sigrar på same tidspunkt. Og som i år stod Hødd utan siger på bortebane etter 17 runder.

Då har det gått betre dei tre siste sesongane. Både i 2013 og 2014 hadde Hødd fire bortesigrar etter 17 runder, medan det vart tre bortesigrar på dei 17 første kampane i 2015.

Faktisk har Hødd vunne fleire kampar heime denne sesongen enn på same tid i både 2013 og 2014, og like mange heimesigrar som i 2015, men ser ein på poenga ligg årets utgåve av Hødd eit stykke bak alle dei tre siste sesongane.

Så langt i år har laget plukka med seg 18 poeng. i 2015 hadde laget teke heile ti poeng meir på same tid. I Lars Arne Nilsen sin siste sesong i Hødd, som enda med kvalifisering, tok Hødd 27 poeng på dei første 17 kampane, medan det var 23 poeng etter 17 runder i 2013.

Det gir desse poengsnitta:

  • 2012: 0,94

  • 2013: 1,58

  • 2014: 1,35

  • 2015: 1,64

  • 2016: 1,05

Dei fire siste sesongane har 13.-plassen i 1.-divisjon i snitt teke 34 poeng. Det vil seie at ein har måtte ta minimum 34 poeng for å stå i divisjonen. Det gir eit poengsnitt på 1,13 poeng per kamp, og gir ein indikasjon på at Hødd bør auke poengfangsten i løpet av dei 13 siste kampane om ein skal unngå å hamne blant dei fire siste i årets Obos-liga.

Det vil seie at Hødd bør ta minst 16 poeng på dei siste 13 kampane, eller 1,23 poeng i snitt per kamp. Då må nok laget skjerpe seg på bortebane, for så langt denne sesongen har det berre blitt eitt poeng på framand gras, og på dei siste 13 kampane skal sju spelast på bortebane.

Første testen etter sommarpausen for Steinar Lein og Hødd kjem i form av serieleiar Kristiansund BK heime på nye Høddvoll.