Hødd sitt 2.-divisjonslag skal spele tre kampar før dei tek sommarpause.

* I morgon (laurdag) spelar dei heime mot Clausenengen.

* Måndag ventar bortekamp mot Træff.

* Neste laurdag reiser Hødd til Trondheim for å møte serieleiar Byåsen.

Hødd har vore i god form utover våren og vunne seks av dei sju siste kampane. Sigeren mot Tynset sist helg gjer at dei ligg på tredjeplass i divisjonen. Med sigrar mot Clausenengen og Træff festar Hødd grepet om medaljeplassen. Å ta poeng mot Byåsen blir vel i tøffaste laget – eller?

Tabellen.