Tysdag kveld fekk eit sterkt Hødd 2-lag besøk frå den oransje naboen frå Ålesund til laga sin siste test før dei tek til på sesongen i høvesvis 3.- og 2.-divisjon. Begge klubbane sine A-lag hadde spelt kamp kvelden før, men begge troppane hadde likevel sterke innslag av spelarar frå A-troppane.

Mellom anna var Erik Sandal kaptein for Hødd, og han fekk med seg folk som Jan Lennart Urke, Ruben-Kenneth Brandal, Eirik Ulland Andersen og Bendik Torset frå start.

Også AaFK hadde med seg fleire profilar til nye Høddvoll, med både Oddbjørn Lie, Petter Orry Larsen, Calle Björk og Thomas Skog Martinussen.

Det var bortelaget som kom best i gang, eller Hødd 2 som ikkje kom skikkeleg i gang, då AaFK 2 fekk straffe før ein hadde spelt 2 minutt. Urke kasta seg rett veg, men kunne ikkje stoppe straffesparket.

Hødd-overtak

Derifrå var Hødd det klart beste laget i den første omgangen. Med godt angrepsspel og raske overgangar vart AaFK-forsvaret sett på prøve etter prøve, og det var såleis svært fortent når Sondre Beite sette opp Bendik Rise som elegant plasserte ballen forbi bortelaget sin keeper til 1–1.

Litt seinare var det Benjamin Mork Kleppe sin tur til å vise seg fram, då han sende heimelaget i føringa med eit flott skot frå om lag 16 meter. 2–1 til pause, men det kunne fort vore fleire mål til heimelaget.

– Det er to lag med mange gode fotballspelarar. Eg synest vi er gode på intensitet og balltempo i periodar, fortel trenar Kenneth Moldskred etter kampen. Han legg til at Hødd dett litt ut av fasongen etter pause.

I den andre omgangen fekk ikkje Hødd spelet heilt til å stemme frå start, og Ole Monrad Alme måtte plukke to ballar ut av nettet, ein av dei på nok ei straffe til AaFK.

– Eg synest det er topp at vi klarar å vere offensive i skallen og flytte beina framover i staden for å verte passive og rygge bakover.

Nok ei straffe

Hødd sette inn fleire spelarar med friske bein utover i kampen, og sjølv om snittalderen på laget gjekk noko ned, klarte Hødd 2 å løfte seg etter ein tung start på den 2.-omgangen. Sondre Beite var framleis frisk på si høgreside i angrepet, og han gav Hødd 2 sjansen til å utlikne då han storma inn i feltet, blei takla og dommaren i samråd med sin assistent på linja kom fram til at Beite skulle ha straffe.

Den tok Benjamin Mork Kleppe seg av og sette sikkert inn sitt andre for kvelden, på den 3.(!) straffa som vart blåst i løpet av kampen. Det vart også siste målet på nye Høddvoll og 2.-lagsduellen enda dermed 3-3.

– Vi byrjar med handikap når vi gir dei straffe etter 1.40, men vi ristar det av oss og styrer stort sett heile førsteomgangen. Då bør vi gjerne lede med både to og tre mål, seier Kenneth Moldskred.

Kor ofte ser du kampar der det blir dømt tre straffespark?

– Det veit eg ikkje. Det var vel ei periode på 90-talet då det var straffekonk ved uavgjorte kampar, men det er sjeldan. At vi lagar to straffer er noko vi må øve på for å unngå. Det blir litt enkle mål.

Moldskred var godt nøgd med dei unge spelarane som kom inn utover i kampen.

– Alle som går inn styrkar oss i den fasa vi er i kampen. Vi får inn ny kvalitet og ny energi i laget.

Trenaren kunne også glede seg over at Audun Øvrelid var tilbake på bana for Hødd for første gong i år. Vegard Heltne fekk også prøve seg i den andre omgangen, men han valte å gje seg etter ei kortare periode på bana.

– Det unner vi Audun. Han har hatt ein trist treningsvinter, men han har jobba godt med det han kan jobbe med og vi trur det er nok tid til å spele seg så god som han kan vere utover i vårsesongen. Det er kjekt å sjå.

Hødd 2 spelar sin første seriekamp komande veke. Tysdag er det Herd som kjem på vitjing til Ulsteinvik.

Hødd sitt lag: Jan Lennart Urke (Ole Monrad Alme, 45), Martin Mork Breivik, Mathias Grimstad, Aleksander Rekdal (Audun Øvrelid, 45), Ruben Kenneth Brandal (Vegard Heltne, 45, Sveinung Tilseth, 60), Bendik Torset (Daniel Haanes, 60), Erik Sandal, Bendik Rise, Eirik Ulland Andersen (Isak Haanes, 60), Benjamin Mork Kleppe, Sondre Beite.