Ole Amund Sveen sendte Hødd i leiinga med eit tidleg, og ikkje minst flott mål i Finnmarkshallen.

– Vi kjem godt ut i starten på kampen og får det første målet. Deretter synest eg dei får styre litt vel mykje. Etter pausen så er vi betre, og det er synd at vi ikkje klarar å få ei scoring til. Samtidig så er det bra at vi får med oss det eine poenget, seier Sveen etter kampen i Alta.

Mange hugsar nok det flotte målet Sveen scora mot HamKam, og mot Alta tok det knapt to minutt før ei ny perle var faktum.

– Det var eit fint mål, eg likar å dra meg gjennom på den måten.

Må score fleire stygge mål

På spørsmål om midtbanespelaren berre scorar fine mål, ler Sveen og seier at det ser ut til å vere ein tendens.

– Men eg må bli flinkare på å score dei stygge måla også, legg han til.

Sveen meiner Hødd hadde dei beste mogelegheitene til å ta med seg alle tre poenga frå Finnmark, men at det viktigaste var å få med seg poeng.

– Mot slutten så har vi ein del gode overgangsmogelegheiter, men vi må ta ei risikovurdering. Poenget var viktigare enn å score fleire mål.

Med berre tynn teori som kan hindre at Hødd spelar i førstedivisjon neste år, kan de senke skuldrene no?

– Eg synest vi hadde senka skuldrer alt før kampen i dag. Vi tenkjer på prestasjonen før resultatet og eg trur vi skal vise godt spel også i kampane som kjem.