Gulrivalane Elfsborg og IFK Göteborg tapte. Dermed ville Malmö FF bli seriemeistrar dersom dei ikkje tapte mot AIK på Friends arena søndag kveld.

Malmö vann 3-2 - og dermed er seriegullet i boks.

Dette er Åge Hareides andre seriegull i Sverige. Han leia Helsingborg til topps i 1999. I mellomtida har Hareide trena Rosenborg til serie- og cupgull i Norge, og Brøndby til seriegull i Danmark. Hareide har også eit cupgull med Molde (1994).